a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

SMIL-midlar

Stryn kommune sin tiltaksstrategi for spesielle miljøverkemidlar i landbruket gjev retningslinjer for bruk av midlar til kulturlandskapstiltak, nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar.

Det kan søkjast tilskot til tiltak på landbrukseigedomar i aktiv drift.

 

Fleire opplysningar kan ein få ved å kontakte kommunen v/landbrukssjefen.

SMIL-midlar kan m.a. nyttast til rydding/skjøtsel av gammal kulturmark, rydding av gamle ferdselsårer, istandsetting av gamle bygningar på garden, istandsetting eller restaurering av andre kulturminne knytt til landbruksdrifta.

Tiltaket må vere på ein landbrukseigedom som er i aktiv drift, dvs det må kunne søkjast produksjonstilskot for drifta. Det kan vere eigaren som driv sjølv, eller areala kan vere bortleigde til andre. Dersom det er andre enn eigar som søkjer, må det vere inngått avtale med eigaren. Det må leggast med kostnadsoverslag, bilde og kart.

Søknadsfrist for kulturlandskapsmidlar (SMIL-midlar) er 15. april

Søknadsskjema SMIL-midlar (PDF, 183 kB)

Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i landbruket (PDF, 2 MB)

Publisert av Ellen B. Kirkeeide. Sist endra 03.05.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering