a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Svøm langt 2018 – Svøm deg til KOS

23757939_10155623755136335_167530499_o.jpg - Klikk for stort bilete

Symjing er ein av dei mest brukte aktivitetane for å mosjonere i Norge.

Norges Svømmeforbund har sidan 1997 organisert ”Svøm langt kampanjen” som ei årleg mosjonskampanje retta mot å synliggjere og styrke symjing som trenings- og mosjonsaktivitet.

 

svøm langt.jpg - Klikk for stort bilete

«Svøm langt» er Norges Svømmeforbunds årlege mosjonskampanje, og foregår i perioden 1. januar til 31. mars kvart år. Kampanjen skiftar namn kvart år avhengig av kva for eit reisemål hovudpremien har. Hensikta er å skape gode mosjonsvanar for den norske befolkninga ved å motivere alle til å bruke symjehallen som ein arena for fysisk aktivitet.

 

Målet er at flest mogleg vaksne symjer 10.000/5.000 meter* i kampanjeperioden, og flest mogleg born (til og med fylte 13år) symjer 2.500/1.500 meter*.
(*Eigne krav for dei som har ein funksjonsnedsettelse, 5000m for vaksne og 1500m for born).

 

Norges Svømmeforbund (NSF) er opptatt av å tilby motiverande aktivitetar for alle som nyttar symjehallane, uansett om dei er medlem av NSF eller ikkje. Kampanjen er eit lavterskeltilbod, og er gratis for både deltakarar og symjehallar. Som deltakar kan du enkelt registrere dine symde meter gjennom kampanjen på nett, opprette ein egen brukar eller du kan logge inn med din Facebook-konto.

 

Du kan vinne reise til Kos
Hovudpremiane i kampanjen 2018 er reiser til den greske øya Kos og til familiehotellet Kipriotis Maris. Det er ein hovedpremie til born og ein til vaksne. Hovedpremiene trekkast ut blant alle som har klart målet i kampanjen. I tillegg vil vi première våre lokale deltakarar med flotte premiar frå symjehallen og Stryn kulturhus.

 

Svøm i veg!

 

Publisert av Kari-Ann Kaspersen. Sist endra 21.12.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering