a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Vegadresser i Stryn

Stryn sentrum 2 - Klikk for stort bilete I økonomiplanen 2015-2019 er det sett av midlar til arbeid med innføring av vegadresser i heile kommunen. Det er kun Stryn sentrum som har vegadresser i kommunen i dag.

 

Stadnamntenesta si uttale (PDF, 9 MB)


Vegnamn til høyring (PDF, 52 kB)

Fristen for innspel til vegnamn er ute, og her finn du dei vedtekne vegnamna. (PDF, 43 kB)

Kart over adresseparsellar:

Kart over vegar i Innvik

Kart over vegar i Loen

Kart over vegar i Markane/Langeset

Kart over vegar på Nordsida

Kart over vegar i Olden

Kart over vegar i Oppstryn

Kart over sentrale vegar

Kart over vegar på Storesunde

Kart over vegar i Stryn

Kart over vegar på Svarstad/Faleide

Kart over vegar i Utvik
 

Tryggleik for liv, helse og eigedom

Det er staten som har bestemt at vegnamn med adressenummer skal innførast som ei felles ordning for heile landet.

Den viktigaste grunnen er tryggleiken for liv, helse og eigedom. Talet på naudsentralar er redusert dei siste åra, det er også lokalkunnskapen hos operatørane. Eit einsarta adressesystem kan nyttast av alle, det gir betre mulegheit for planlegging av køyreruter og redusert responstid for utrykkingskøyrety. Dette siste kan vere avgjerande i ein krisesituasjon.

Matrikkelforskrifta (matrikkel = offentleg register over grunneigedomar) seier at det alltid skal tildelast adresse til bygningar som er planlagd brukt til bustad, fritidsbustad, næringsverksemd, offentleg eller publikumsretta verksemd.

Namnenemnd

Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett. 

Rådmannen har i samråd med leiar i Sektorutval for tekniske saker, jamfør KS sak 68/15, valt desse medlemmane i namnenemnda:
 

  • Astrid D Raftevoll (leiar)
  • Kari Synnøve Muri
  • Håkon Loen
  • Einar Guddal
  • Kristian Solvang
  • Inge Fænn
  • Arne P. Sunde

 

Viktig ved val av vegnamn

Adressering og namngjeving av vegar er først og fremst eit tiltak for at det skal vere enkelt å finne fram for dei som ikkje er lokalkjende, og ikkje for at dei som bur på ein stad skal få ei "finast mogleg" adresse. Namna må vere lette å skrive, lese og uttale. Dei må vere eintydige, dvs. at det berre kan vere ein Bergvegen, sjølv om det heiter Berg fleire stader i kommunen.

Namn bør bygge på og vidareføre den lokale namnetradisjonen. Historiske namn, eldre stadnamn eller andre namn som fortel om staden si kulturhistorie er gode utgangspunkt for vegnamn. Vegnamn skal vere varige og overleve mange omskiftingar. Dei bør ikkje vere knytt til tidsavgrensa eller politiske tilhøve eller verke støytande eller komiske.

Saksgang

Arbeidet med å tildele vegnamn kan kort oppsummerast slik: 

  • Dele inn vegnettet i adresseparsellar
  • Samle inn forslag til vegnamn
  • Namnenemnda innstiller forslag til vegnamn
  • Namneforslag leggast ut på høyring
  • Den regionale stadnamntenesta skal få namneforslaga på høyring
  • Sektorutval for tekniske tenester vedtek vegnamn
  • Kommunen tildeler adressenummer og informerer eigar/festar om den nye offisielle adressa på eigedomen
  • Statens vegvesen og kommunen set opp vegskilt
  • Eigar/festar sett opp nummerskilt på huset sitt

 

Kva er ei adresse?

Ei vegadresse inneheld Adressenamn (vegnamn) + adressenummer med eventuell bokstav.

Avdeling for kart og oppmåling i kommunen tildeler adressenummer. Hus på høgre sida av vegen får oddetalsnummer og husa på venstre sida får partalsnummer. Adressa skal knytas til den vegen som er godkjent som hovudtilkomst til eigedomen.

I spreiddbygde strøk brukar ein avstandsnummerering der det blir sett av eitt adressenummer pr 10 meter veg. For eksempel får eit hus som har tilkomst på høgre side 2570 meter frå startpunktet, adressenummer 257. Ligg huset på venstre side får det nr. 258. Ligg tilkomsten 18 km frå startpunktet, får huset adressenummer 1800 om det ligg på venstre side og 1801 om det ligg på høgre side av vegen sett frå startpunktet.

Godkjende skrivemåtar

Skrivemåten for stadnamn er regulert i Lov om stadnamn.
Før kommunen gjer vedtak om adressenamn skal den regionale stadnamntenesta få namneforslaget til uttale. Stadnamntenesta kan også gi råd om val av adressenamn.

Lovheimel for adresseringsarbeidet

Kommunen skal fastsette offisiell adresse. Dette medfører at den enkelte kommune er ansvarleg mynde for å iverksette eit adressesystem og vedlikehalde dette gjennom tildeling av nye adresser, endringar og registrering av adresser i eigen kommune. Adresseringsarbeidet er heimla i matrikkelova kap. 4 og matrikkelforskrifta kap. 12.

Statens kartverk har laga ein
Adresseveileder. Du kan også lese meir om adressering på Statens kartverk sine heimesider.

Adressetilleggsnamn

Matrikkelforskrifta §54  opnar for at gardsnamn, namn på ein kjend institusjon eller bygning og grender, bustad- og hyttefelt eller mindre avgrensa områder kan få adressetilleggsnamn.


Kommunen vil ikkje tildele adressetilleggsnamn før heile prosessen med tildeling av vegadresser er ferdig. Førespurnad kan sendast inn når dykk får melding om tildeling av offisiell vegadresse.

 

Vi kjem til å legge ut informasjon om arbeidet med vegadresser på heimesidene våre undervegs i prosessen.

 

Adresseforskrift for Stryn kommune

Språkrådet

Forskrift stadnamn

 

Publisert av Karen Stølen. Sist endra 18.11.2016
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering