a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Byggesak og regulering

Hus.jpg - Klikk for stort bilete  Skal du byggje ny bustad, eller gjennomføre tiltak som fører til bruksendring av huset/bygningen, må tiltaket godkjennast av kommunen. Hvis du ynskjer å sette i gang eit mindre byggetiltak på eigedommen din, må du også søkje om løyve frå kommunen.

Oppføring av ny bustad

Skal du oppføre ny bustad , må du søkje kommunen om løyve. Du kan ikkje sette i gong før løyve er gjeve. Søknaden må utformast  av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess. Dette firmaet blir ansvarleg søkjar. Det kan for til dømes vere eit bygningsfirma,entreprenør eller arkitekt. Før ein set i gong må nødvendig prosjektering være gjennomført. Alle handtverkarar (firma) må ha godkjent ansvarsrett for sine fagområde. I særlige tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personlig ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). For å være sjølvbyggjar må du sannsynleggjere at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv.    

Mindre tiltak.

Dersom du skal sette i gong eit mindre byggjetiltak på eigedomen din, må du søkje kommunen om løyve. Eit mindre byggjetiltak er:

  • oppføring av eit enkelt tilbygg der samlet bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 m2. Tilbygget kan ha kjellar, men kan ikke inneholde en egen bueining. Påbygg (ny etasje) eller underbygging (kjeller) av eksisterende bebyggelse omfattes ikke.
  • oppføring av ein enkelt frittliggende bygning som ikkje er berekna til bustad. Samla bruksareal eller bebygd areal kan ikke være over 70 m2. Bygningen kan ha inntil ein etasje og i tillegg ha kjellar
  • bruksendring fra tilleggsdel til hoveddel innenfor ei brukseining, til dømes å gjere om ei kjellarbod til kjellarstove
  • oppsetting eller montering av skilt, reklame o.l. inntil 6,5 m2 montert på vegg eller med høgd inntil 3,5 meter og breidde inntil 1,5 meter montert frittstående på terreng. Skiltet må ikkje vere til fare for personsikkerheit. Det kan ikkje monteres fleire på samme sted/fasade
  • oppsetting av antennesystem med høyde inntil 5 meter. Antennen må ikke utgjøre noen fare for personsikkerheit. Det kan ikke monteres flere på samme sted/fasade

Det er nokre søknadspliktige byggjetiltak du kan stå som ansvarlig for sjølv. Det vil seie at det ikkje er pålagt med ansvarlige foretak. Sjølv om det ikkje er naudsynt med ansvarlige foretak, gjelder dei tekniske krava fullt ut. Kommunen kan også unnta andre mindre tiltak frå kravet om ansvar dersom det etter ei vurdering ikkje er naudsynt  å krevje at eit byggetiltak blir gjennomført av ansvarlege føretak.  

Bruksendring

Hvis du ynskjer å få gjennomført eit tiltak som medfører bruksendring av bustaden/bygningen din, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikke kan settast i gong før løyve er gjeve av kommunen. Ei bruksendring kan for til dømes vere å lage til ei eiga leiligheit i underetasjen i bustaden  der det før har vore soverom, hobbyrom eller liknande. Ei rein endring i bruk uten bygningsmessige endringar kan også vere søknadspliktig. Eit døme kan vere eit uthus som blir teke i bruk som anneks. Søknaden må utformast  av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarlig søkjar). Det kan til dømes vere eit byggefirma, entreprenør eller arkitekt. Bruksendring frå tilleggsdel til hoveddel innanfor same brukseining (til dømes å gjere om ei kjellerbod til kjellerstove) kan du søkje løyve om sjølv utan å engasjere et firma. I særlige tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personlig ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). For å vere sjølvbyggjar må du dokumentere at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv.  

Saksbehandlingstid etter plan og bygningslova

Klage på vedtak tekniske saker

 

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 26.02.2014
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering