a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg-varsel på SMS

 Feiarvesenet sørgjer for feiing og tilsyn med fyringsanlegget. i.h.h.t. Forskrift om brannforebygging
Kor ofte pipa skal feiast, og kor ofte fyringsanlegget skal ha tilsyn setjast ut frå behov.

Behovet vert bestemt ut frå oppvarmingssystem, sotmengda og anna

Nytt frå veke 2/2017: Stryn kommune vil sende varsel om feiing som teksmelding til huseigar.

Kven gjeld tenesta for .

Kommunen skal sørgje for at røykkanalar i fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk, blir feia etter behov.

Kommunen skal sørgje for at det ved behov blir ført tilsyn med fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk.

Varsel om feiing og tilsyn

Varsel om feiing og tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding via varslingstenesta UMS nokre dagar før. Dersom det er behov for å avtale meir nøyaktig klokkeslett så ta kontakt med feiaren .

Dersom ikkje datoen høver , ta kontakt med feiaren for ny avtale.

Får du ikkje varsel om feiing på SMS?

Dersom du er eigar av bustad og ikkje får varsel om feiing og tilsyn, kan du sjekke kva kontaktopplysningar som er registrert i systemet som blir nytta til varslinga. Logg inn på servicevarlsling.no .

Varsel om feiing og tilsyn – fritidsbustadar / hytter

I Stryn kommune er det innført obligatorisk feiing og tilsyn med fritidshus / hytter med vanleg infrastruktur. D.v.s. vatn, kloakk, veg og straum.

Feiarvesenet sender ut varsel til fritidshus / hytter i same område som vi likevell er på ordiner feiing. Hyppigheita er etter behov, men som oftast har det vore kvart 4 år. Feiarvesenet vil sende ut ei melding med informasjon om kor tid vi er i område, og ønskjer kontakt med eigarane for å avtale nærmare tid for besøk.

På fritidshus og hytter prøver vi å foreta feiing og tilsyn på same tid. Vi treng tilgang til bygningen , og ser helst at det er eigaren som er med, men ikkje eit absolutt krav.

 

Sikker tilkomst.

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til, og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome opp til taket, skal eigaren sørgje for det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.

- Legge fram stige (for dei med takfeiing).

- Sikre at stigen ikkje kan skli.

 - Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket

 

Andre ting du må huske før feiing.

- Gi tilbakemelding til feiaren at alt er klart, via UMS, e-post eller skrive ein lappe å sette i døra.  Bruk G/B nr på tilbakemelding dersom bruk av  UMS og e-post

- Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).

- Stenge luker, ventilar og spjeld.

- Hugse å seie i frå til leigebuar.

 - Dersom feiaren skal fjerne sotet frå botnen av pipa. Huske å sette fram noko egna å ha sotet opp i, og ordne med tilkomst til sotluka.

 

Tilsyn

Eigar eller representant for eigar skal vere tilstades og sørgje for at samtlige bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigars representant varsle andre brukarar (leigetakarar).

 

 Tilsynet vil omfatte kontroll av:

 - Eventuelt tidligare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.

 - Ny eldstad eller vesentlige endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.

 - Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.

 - At røykvarslarar, handsløkjeutstyr og rømmingsveg følgjer regelverket.

Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan vere f.eks. monteringsanvisning til omn o.s.v.

Spør om ID-kort dersom du er usikker på vedkommande som kjem på døra.

Jon Jatgeir Vinsrygg - Klikk for stort bilete Feiarformann    John Jatgeir Vinsrygg 
tlf 917 21 629   jonj.vinsrygg@stryn.kommune.no

 

 

 

 

 

Kolbein Fridtun - Klikk for stort bilete Feiar Kolbein Fridtun,
tlf 913 19 472 kolbein.fridtun@stryn.kommune.no

 

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 05.01.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering