a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Søknad om installering av vassmålar

Alle næringsbygg, driftsbygningar, offentlege bygg, kombinasjonsbygg og bustader over 250 m2 er pålagt å ha vassmålar. Andre kan søkje. Det er då høve til å betale vassavgift etter reelt forbruk.

Vassmålar - Klikk for stort bilete

Dersom de ikkje har vassmåler, vert vassavgift rekna etter stipulert forbruk.

Målaren er kommunen sin eigedom og sjølve målaren vert innkjøpt av kommunen. Kommunen fastset type, plassering og storleik på målaren, tilpassa forbruket.

Abonnenten må sjølv koste installasjon av vassmålar i konsoll og evt. flytting av målaren. Installasjon av målar skal utførast av ein godkjend rørleggar i samsvar med det til ei kvar tid gjeldende reglement. Etter montasje skal vassmålaren plomberast av kommunen eller av godkjend rørleggar engasjert av kommunen.

Abonnenten betaler eit årlig gebyr for leige av vassmålar, som inkluderer kontroll, vedlikehald, utskifting og administrasjon. Gebyret vert fastsett av kommunen og fremgår av gebyrregulativet.

Avlesing av vassmålaren vert føreteke ein gong kvart år. Abonnenten les av og melder inn innan den fastsette frist.

Vassmålar avlesing via sms eller internett.

Dersom avlesing av vassmåler ikkje vert utført til fastsett tid eller dersom data ikkje vert innmeld til kommunen vert årsforbruket stipulert. Kommunen kan evt. sjøl velge å føreta avlesing av forbruket for abonnenten si regning (avlesingsgebyr). Avlesingsgebyret vert fastsett av kommunen og framgår av gebyrregulativet.

Kommunen skal ha tilgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla dato og tid. Vassmålaren må plasserast slik at den er lett tilgjengeleg både for avlesning og revisjon/utskifting.

Kommunen kan til ei kvar tid, evt. etter skriftleg søknad frå leigaren, foreta kontroll av vassmålarar som er i bruk. Viser kontrollen ei feilavlesing på mer enn 5%, vert det føreteke justering av årsgebyret for foregåande år og eventuell utskifting av målaren skjer uten kostnad for leigaren.

Dersom det ikkje let seg gjere å rekne ut feilmålte mengder nøyaktig, utan at dette medfører store kostnader, vert gebyret justert for den perioden det er tvil om etter gjennomsnittet av næraste avlesingsperiode før feilen vart påvist, og/eller etter at den er utbetra.

Kvar eigedom skal normalt berre ha ei tilknyting. I dei tilfelle ein eigedom har flere tilknytingar, skal det installerast ein målar for kvar tilknyting. Eventuelle interne målarar er kommunen uvedkomande.

Når vassmåler er montert, kan denne ikkje fjernast utan kommunen sitt samtykke.

Dersom vassmåler ikkje kan plasserast frostsikkert, skal gebyret baserast på stipulert forbruk etter vedtekne utrekningsreglar.

Blir ein målar som er i bruk borte eller skada, skal abonnenten straks melde dette til kommunen. Kommunen har rett til å kreve full erstatning for tap eller skade. Plomberte målarar kan berre opnast av kommunen sitt personell eller under oppsyn av kommunen sitt personell. Er ei plombe broten, vert vassforbruket for vedkommende termin sett til stipulert forbruk ganger 4.

Vassmålaren skal monterast på vassledning med same dimensjon som tilkoblingsstussane (vatn inn / vatn ut) på målaren. Ledningsdimensjon før vassmålar skal vere same dimensjon minst ein meter før måler. Ledningsdimensjon etter vassmåler skal ikkje vere større enn før målaren. Forgreiningar etter målaren skal som hovudregel til saman ikkje ha større kapasitet enn før forgreining.

For installasjon og bruk av vassmålarar gjeld for øvrig kommunen sine tekniske reglar og byggteknisk forskrift.

Utlevering av vassmålarar skjer på følgjande vilkår:

Ta kontakt på følgjande telefonnummer for å få utlevert vassmålar:
- Driftsoperatør - tlf. 948 87 300/902 90 803
- Vakttelefon veg - tlf. 917 21 630
- Avdelingsingeniør Anders Maurset - tlf. 57 87 48 23
- Prosjektingeniør Tor R. Guddal - tlf. 57 87 48 33

Vassmålar delast kun ut på kvardagar i tidsrommet frå kl. 08.00 - 08.30 og kl. 15.00 - 15.30.

Ved utlevering skal følgjande registrerast:
- dato for utlevering
- namn på kunde
- vassmålardimensjon
- vassmålarnummer

Ved utlevering av vassmålar skal det alltid følgje med skjema for installasjon av vassmålar. Skjema for installasjon av vassmålar leverast attende til Stryn kommune så snart vassmålaren er installert.

Publisert av Karen Stølen. Sist endra 16.06.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering