a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Vatn og avløp

Krane - Klikk for stort bilete

Stryn kommune har eiga driftsavdeling for drift av vass- og avløpsanlegg.

Vassverk
Desse vassverka er eigd og blir drifta av Stryn Kommune:

  • Stryn vassverk
  • Loen vassverk
  • Bergsida vassverk
  • Storesunde vassverk


Vasskvaliteten vert jamnleg kontrollert gjennom vassprøver som blir tekne ute på leidningsnettet. I Utvik eig kommunen leidningsnettet mot Bruland og Dooria AS. Kommunen har der ei avtale med Nedre Verlo vassverk, som leverer vatn til Stryn kommune sine abonnentar. Abonnentar som er tilknytt desse vassverka får derfor vatn av beste kvalitet gjennom heile året.


Drikkevasskvalitet
Fishguard står for kontroll av drikkevasskvaliteten i Stryn kommune.  På denne lenkja finn du prøveresultat.
 

Avløp
Dei fleste husstandar og verksemder i sentrumsnære områder er til knytt til eit offentleg avløpsnett. Stryn Kommune har og bygd ut avløpsnett i alle dei store bygdelaga elles i kommunen. Dei som har eigedomar nær inntil kommunale leidningsnett kan bli pålagde å kople seg til dette.

Når eigedomar skal kople til vatn og avløp til det offentlege nettet må søknad om tilkopling og utføring av sanitæranlegg fyllast ut og sendast til Stryn kommune. Søknaden må fyllast ut i samarbeid med autorisert rørleggjar, og signerast av heimelshavar og røyrleggjar.


Slamtøming
Slamtøming i Stryn Kommune blir utført av Miljøservice AS i Stryn. Miljøservice AS har faste ruter for tøming av slamavskiljarar og du vil få beskjed i god tid før dei kjem.

Vakttelefon vatn og avløp: 992 88620

 

Gebyrregulativ for vatn og avlaup

 

Søknad om løyve til tilkopling og utføring av sanitæranlegg (PDF, 177 kB)

Røyrleggarinstruks (PDF, 117 kB)

Forskrift for vass- og avlaupsgebyr (PDF, 452 kB)

Abonnementsvilkår og administrative vilkår (PDF, 248 kB)

Regelverk for slamhandtering (PDF, 362 kB)

KS 032-14, Godkjenning av VA-norm og Overvassnorm (PDF, 2 MB)

VA Norm Nordfjord 12 desember 2016 (PDF, 2 MB)

A1 Normtegning Plan og lengdeprofil (PDF, 191 kB)

A2 Grøftesnitt (PDF, 57 kB)

A3 a Stikkledningar vatn (PDF, 82 kB)

A3 b Stikkledningar avløp (PDF, 45 kB)

A4 Grunnvassperre (PDF, 40 kB)

A5-Baioløysing (PDF, 239 kB)

A6 Isolering av kum (PDF, 212 kB)

B1 Sjekkliste - teknisk plan med liste for sluttdokumentasjon aug 2016 (PDF, 286 kB)

B2 Krav til innmåling og dokumentasjon (PDF, 736 kB)

B3 - Retningslinjer overvasshandtering (PDF, 892 kB)

B4 Revisjon hausten 2016 - endringar (PDF, 174 kB)

Kumkort (PDF, 137 kB)

Publisert av Karen Stølen. Sist endra 16.10.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering