Serviceskyss

Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle og skal vere tilrettelagt for alle. Brukarane betalar ein eigenandel på 30 kroner kvar veg.

Du må bestille på førehand.

Serviceskyssruter og bestilling av plass

Skyssen er organisert i faste ruter og brukarane bestiller skyss dagen før innan eit fastsett tidspunkt. Serviceskyssen skal vere tilrettelagt og open for alle, og køyretøya som vert nytta er difor universelt utforma.