Tidlegrøysting frå 1.juli

Tidlegrøysting er eit tilbod til deg som ikkje har høve til å røyste i perioden 12.august - 6.september, eller på sjølve valdagen den 9.september. Ved tidlegrøysting kan ein ikkje røyste på kandidatar, berre på parti.

Dei ordinære stemmesetlane slik vi kjenner dei er ikkje ferdigtrykte ennå. Frå 1.juli til 12.august må det brukast generell røystesetel. Desse er utan kandidatnamn. Ein kan då krysse på kva parti ein vil røyste på. Før du kryssar av, sjekk at partiet stiller liste ved valet. Dersom du har kryssa av for eit parti som ikkje stiller liste til valet, blir røystestelene forkasta seinare.

Ved kommunestyrevalet 2019 er det desse partia som stiller liste
Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Partiet de Kristne, Raudt, Senterpartiet,
SV-Sosialistisk Venstreparti, Venstre.

Ved fylkestingsvalet i Vestland  er det desse partia som stiller liste:
Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Piratpartiet,Pensjonistpartiet, Arbeidarpartiet, Fremskrittspartiet, Miljøpartiet De Grønne, Partiet De Kristne, Høgre, Venstre, Helsepartiet, Norges Kommunistiske Parti, Folkeaksjonen Nei til mer bompenger, Demokratene, Liberalistene,