Til foreldre eller andre med foreldreansvar
Informasjon om mogleg test av ditt/dykkar barn eller ungdom for Covid-19 ved smitteutbrot i skule eller barnehage.
Frå 16. august 2021 kan alle barn og unge under 18 år få unntak frå smittekarantene dersom dei gjennomfører eit testregime. Unntaket frå smittekarantene ved testing gjeld generelt, både i skuletida og på fritida.
Unntaket gjeld berre dei borna eller ungdomane som vert sett på som "øvrige nærkontakter" og ikkje husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontakter til den smitta. For husstandsmedlemmer, eller tilsvarande nære kontaktar, gjeld dei vanlege reglane om smittekarantene. Det vil vere smittesporingsteamet i kommunen som vil gjere ei konkret vurdering av kva kategori ditt barn/ din ungdom høyrer til.
Testregimet skal følgje nærare retningslinjer som er utarbeidd av kommunen. Helsedirektoratet og FHI har laga ein rettleiar om korleis desse retningslinjene kan vere.
Testing for covid-19 er helsehjelp med mindre dei testane kommunen brukar er sjølvtestar der barnet eller ungdomen testar seg sjølv eller med hjelp frå ein vaksen heime. For at barnet ditt kan motta helsehjelp, skal føresette samtykke på vegne av barn og unge under 16 år. Det er nok at ein forelder samtykker til at det kan til å takast en covid-19 test. Der dei tek sjølvtest skal også føresette ha informasjon om at ein slik test kan bli teken, og har rett til å seie nei til at barnet eller ungdommen vert testa.
Dersom føresette ikkje ynskjer at barnet/ungdomen deira skal inngå i eit testregime, vil barnet/ungdommen vere omfatta av dei vanlege reglane om plikt til smittekarantene.
Les meir om ordninga med unntak frå plikta til smittekarantene for barn og unge her
Ved å huke av på JA i samtykket sendt ut i Vigilo, gjev du samtykke til at ditt barn testar seg for Covid-19 som eit ledd i eit testregime i regi av kommunehelsetenesta.
Testinga vert erstatning for smittekarantene dersom han/ho er vurdert som "øvrig nærkontakt" av smitteoppsporingsteamet i kommunen.
Ved å ikkje huke av, seier du NEI og du samtykker ikkje til testing.
I Stryn kommune blir testinga organisert slik:
- Barn i barnehage og barneskule (inntil 12 år, samt 13-åringar på barneskule) som er nærkontakter:
- Testteamet kjem til barnehagen/skulen og gjennomfører testing. Dette gjeld alle testane (dag 1, 3 og 5)
- Personar over 13 år (ungdomsskule, vidaregåande, høgskule, universitet og anna opplærings- og utdanningsverksemd) som er nærkontakter
- Testteamet kjem til skulen og gjennomfører første testing. Deretter vert det lagt opp til sjølvtesting på dag 3 og 5.
Det vert nytta hurtigtestar ved all testing som beskrive over.
Sist endra 14.12.2022 09.55