PPT (pedagogisk psykologisk teneste)

PPT er ei teneste for born og unge som har særlege opplæringsbehov. Kontoret i Stryn er kommunalt og har fire fast tilsette. I tillegg til kommunale skular og barnehagar, har PPT samarbeid med skular og barnehagar i Hornindal kommune og Stryn vidaregåande skule.

PPT-kontoret i Stryn samarbeider med dei andre PPT-kontora både på Nordfjordnivå og fylkeskommunalt i Sogn og Fjordane.

Opplæringslova og barnehagelova seier at kvar kommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Tenesta skal hjelpe skular og barnehagar i arbeidet med å leggje opplæringa betre til rette, slik at born og unge skal få lære å utvikle seg så godt som råd, ut i frå eigne føresetnadar og behov.

For å sikre dette nyttar vi drøftingar, rådgjeving og rettleiing i møte med til dømes foreldre, skular, barnehagar og eventuelt andre samarbeidspartar. PPT bidreg også med kompetanse i ulike tverrfaglege og tverretatlege samarbeid

PPT kan vere med å tilby kurs/kompetanseheving og konsultasjon til tilsette i skule og barnehage ut frå ønskjer og behov.

Les meir om PPT på utdanningsdirektoratet.

Informasjon til føresette

Ein kan få meir informasjon om kva spesialpedagogisk hjelp/undervising er og kva hjelp du kan forvente ved å lese på udir sine sider, spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning

Dersom du ønskjer kontakt med PPT, drøft dette eventuelt med barnehagen eller skulen i forkant, så tek dei kontakt. De kan eventuelt ta direkte kontakt med PPT ved å ringje sentralbord Stryn kommune tlf 57 87 47 00.

Tilmeldingsskjema

Kontakt

PPT-kontoret
Telefon 57 87 47 75

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn