SFO

SFO (skulefritidsordning) er eit frivillig aktivitets- og omsorgstilbod utanom den obligatoriske skuletida for elevar på 1. - 7. trinn. I Stryn kommune er SFO eit tilbod for elevar 1. - 7. trinn.

Organisering og innhald av tilbodet varierer noko frå skule til skule, ut frå kor mange barn som er med på ordninga, og kva som er muleg på skulen og i nærområdet.

Det må vere med minimum 10 barn for at ordninga kan opprettast og drivast ved den enkelte skule. I Stryn har fem av skulane SFO-tilbod:

  • Oppstryn skule tlf. 57 87 40 21

  • Tonning skule tlf. 57 87 06 00

  • Loen skule tlf. 57 87 08 00

  • Vikane skule tlf. 57 87 41 55

  • Olden skule tlf. 57 87 39 00

Påmelding til SFO er elektronisk.

Søknad om SFO

Foreldrebetaling

Vedtekter (PDF, 555 kB)

Vi oppmodar alle om å lese gjennom vedtektene for SFO for å gjere seg kjende med det formelle kring SFO-ordninga. Er det spørsmål om tilboda/ søknad, ta kontakt med den skulen de ønskjer plass på. 

 

Søknadsfrist: 1. mars

 

Oppseiing av plass skal gjerast skriftleg og direkte til rektor/ dagleg leiar.