Kurs/ temakveldar

 

Kosthaldskurset Bra Mat for bedre helse er eit inspirasjonskurs som er både praktisk og teoretisk.
Kurset går over fem samlingar, og blir leia av frisklivskoordinator i Frisklivssentralen.
Dette er spesielt eit tilbod til deltakarar med frisklivsresept, men er også ope for andre interesserte.
Kurset er eigna for alle som ønskjer inspirasjon i forhold til mat i kvardagen, oppfrisking av kunnskap og eventuelt motivasjon til å gjere endringar.

Tema som blir gjennomgått er mellom anna:

  • Små steg, store forbetringar
  • Må det søte liv smake søtt?
  • Ikkje ett feitt
  • Lær å lese varedeklarasjonar
  • Oppskrifter på enkle, raske og sunne måltid, samt snacks
  • Praktisk matlaging

Kurset legg vekt på erfaringsutveksling mellom deltakarane og har mellom 6-12 deltakarar.

Gode tips om kosthald og ernæring hos Helsenorge.

Kontakt

Frisklivssentralen
Frisklivskoordinator
E-post
Telefon 488 90 895


Fysio- og ergoterapiavdeling
Stryn omsorgssenter (vestfløya i 1. etg)
Myrane 18 
6783 Stryn.

Åpningstider

Måndag og tysdag 08.00-15.00.

Kart