Frisklivssentralen

Frisklivssentralen er ei kommunal helseteneste som skal førebyggje sjukdom og fremme god helse. 

Vi er eit kompetansesenter for deg som ønskjer rettleiing og oppfølging til å endre levevanar og til å meistre eiga helse. 

Målgruppa (18-69 år) er du som står i fare for å utvikle livsstilsjukdom, eller som alt har utvikla sjukdom, og treng oppfølging av helsepersonell til å endre levevanar og meistre sjukdom.

Fokusområda våre er fysisk aktivitet, kosthald og tobakksbruk.

Målet med tilbodet er betre helse gjennom gode levevaner

Endring av vaner er utfordrande og krev systematisk innsats over tid. Frisklivssentralen vil vere ei starthjelp, og bidra med kunnskap og støtte for at du skal lukkast.

Oppfølgingstilbodet er samansett av individuelle samtaler, rettleiing og kurstilbod, gruppetrening og aktivitetstilbod.

Deltakar og rettleiar vil, i samarbeid, lage ein plan for oppfølgingsperioden (6 mnd). Tenesta er gratis i denne 6 månaders perioden.

Du kan få frisklivsresept gjennom lege, NAV eller anna helsepersonell, men du kan også ta kontakt på eige initiativ og tinge time. 

 

Følg oss på Facebook

Ta vare på deg sjølv og ta ansvar for di ega helse.
Det kan hjelpe deg til eit langt, lukkeleg og godt liv!

 

Oversikt over Frisklivssentralar i Norge

Kontakt

Frisklivssentralen
Frisklivskoordinator
E-post
Telefon 488 90 895


Fysio- og ergoterapiavdeling
Stryn omsorgssenter (vestfløya i 1. etg)
Myrane 18 
6783 Stryn.

Åpningstider

Måndag og tysdag 08.00-15.00.

Kart