Demensomsorg

Stryn kommune har eit eige demensteam som rettar seg både mot den demente og deira pårørande. Teamet kan bistå med råd, informasjon og rettleiing i høve spørsmål og tankar som dukkar opp om sjukdomen.

Demenssyndromet sine viktigaste kjenneteikn er nedsett hukommelsesfunksjon som fører til svikt i evna til å utføre aktivitetar i dagleglivet. Ein demenssjukdom omfattar allereie frå starten langt fleire enn den som blir sjuk. Det er som oftast pårørande som observerar dei første adferdsendringane og får mistanke om sjukdom. 

Demens

10 tidlege teikn på demens

1.  Hukommelsestap:
- ein dement person vil gløyme raskt og ofte, og dei vil ikkje klare å hugse informasjonen seinare.

2.  Problem med å utføre kjente oppgåver:
- daglegdagse oppgåver kan bli vanskelege - korleis brukar ein komfyren? korleis kokar ein kaffi?

3.  Språkproblem: 
- det blir vanskeleg å hugse enkelte ord, det kan vere vanskeleg å forstå både skrift og tale.

4.  Desorientering i høve tid og stad: 
- personar med demens kan gå seg vekk i eige nabolag utan å vite korleis dei kom dit, eller korleis dei skal finne vegen tilbake.

5.  Svekka dømmekraft:
- problem med å kle seg etter forholda (går ut i badekåpe, tjukk genser på varm dag), kjøper ting ukritisk.

6.  Problem med abstrakt tenking: 
- viser seg ofte ved at den demente får problem med å handtere økonomien.  Forstår ikkje skilt og bokstavar.

7.  Feilplassering av gjenstandar: 
- den demente kan plassere sko i kjøleskap, mat i skapet.

8.  forandring i humør og adferd:
- kan ha raske svingingar i humør og adferd, utan openbar årsak.

9.  Adferdsendringar: 
- forvirring, frykt eller avhengigheit kan bli framredande personlegheitstrekk etter kvart som demensen utviklar seg.

10.  Tap av initiativ:
- passivitet, apati og tiltaksløyse kan vere ein del av sjukdomsbiletet.

Les meir om demens på HelseNorge og Helsedirektoratet sin sider.

 

Ved mistanke om demens, bør personen med demenssymptom få ei utredning (demensteamet kan bidra med utredning av personar med demenssymptom). Dette for å kunne gje den enkelte ei hensiktsmessig behandling og omsorg. Ei diagnose gjev både den demente, pårørande og hjelpeapparatet ei realistisk moglegheit for planlegging og iverksetjing av nødvendige tiltak.

 

 

 

Kontakt

Demensteam

Sjukepleiar                                tlf 57 87 69 34

Vernepleiar                               tlf 57 87 35 67

Psykisk helsearbeidar           tlf 992 88 601

Ergoterapeut                            tlf 57 87 69 80