Når alvorleg sjukdom rammar

Stryn kommune har i dag fire sjukepleiarar som jobbar særskilt mot kreftomsorg og lindrande behandling ved alvorleg sjukdom. Dei er ikkje utdanna kreftsjukepleiarar, men har vidareutdanning i lindrande behandling.

Sjukepleiarane er tilknytta eit nettverk i fylket som ressurssjukepleiarar, og fellesmålet er at dei skal yte lik teneste i fylket.

I kommunen samarbeider ressurssjukepleiarane i med :

  • Fastlege
  • Fysioterapeut
  • Ergoterapeut
  • Helsesøster
  • Psykiatritenesta
  • Kyrkjekontoret
  • NAV
  • Kreftkoordinator

Denne hjelpa er ikkje berre retta mot kreftomsorg, men også mot andre langvarige/ kroniske sjukdomar som krev lindrande behandling, samt for lindring i livets sluttfase.

Når alvorleg sjukdom rammar, kan det vere godt å ha nokon å snakke med og søkje fagleg råd hos.

Nokon som:

  • har tid til å lytte
  • kan vere bindeledd mellom deg, pårørande og hjelpeapparatet
  • kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
  • kan yte praktisk hjelp

Målet vårt er at den som er sjuk og deira pårørande skal verte ivaretekne på ein god måte, og at ulike behov vert møtt. Vi ønskjer å kome i kontakt tidlegast råd i sjukdomsforløpet, noko som vil gje oss ei betre mulegheit til å organisere nødvendig hjelp.

Ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling:

Olaug Samuelsen Mork, Heimesjukepleien Stryn tlf 917 21 614.

Irene Stensaker, Stryn omsorgsenter tlf 57 87 69 50.

Mari Kristine Melheim, Heimesjukepleien Vikane tlf 917 21 619.

Siv Hege Reme, Vikane omsorgsenter tlf 57 87 35 60.

 

Les meir og finn kontaktinformasjon i denne brosjyra (PDF, 251 kB)

 
 

Kontakt

Stryn omsorgssenter
Telefon 57 87 47 00

Tlf etter kl. 15 og før kl 09: 57 87 69 70

Post- og besøksadresse:
Myrane 18
6783 Stryn

Vikane omsorgssenter
Telefon 57 87 35 50

Post- og besøksadresse:

6793 Innvik