I løpet av dei siste dagane har to tilsette og ein brukar fra Miljø-  og Velferdstenesta, testa positivt på Covid-19. 

Vi har fått beskjed fredag kveld at ein ny person har testa positivt på korona, dette er bekrefta med PCR-test. Vi har og fått beskjed om negativ test, altså ikkje påvist korona, på PCR-testane som blei tekne av to personar med positiv hurtigtest/sjølvtest tidlegare denne veka.

Ein av dei smitta er elev ved Stryn vidaregåande skule. Eleven har følgt anbefaling om å teste seg.

Ein elev ved Stryn vidaregåande skule har testa positivt på hurtigtest i dag, tysdag 07.12.21. Eleven har følgt anbefaling med å teste seg ved symptom på sjukdom. Smittevegen er uavklart. Personen var sist på skulen måndag 06.12.21.

Ein tilsett ved Loen skule har testa positivt på hurtigtest i kveld, måndag 06.12.21. Den tilsette har følgt anbefaling med å teste seg etter kontakt med kjent smitte. Den tilsette var sist på arbeid måndag 06.12.21.

Kommunen har i dag fått to nye positive testsvar på Covid-19. Ein av dei to har ukjend smitteveg. Husstandsmedlemmar og tilsvarende nære er kontakta og informert om karantene/testregime.

Vi har ein ny innbyggar som er stadfesta smitta med koronavirus. Hurtigtest tirsdag var positiv, og innsendt prøve stadfestar dette i dag. Smitteveien er ukjent, og det gjør at vi ikke vet om smitten stammer fra Stryn eller nabokommunene. 

To nye smittetilfelle koronavirus. Dei to er i same husstand, begge tok hurtigtestar i helga og testane var positive.

Vi har dei siste dagane påvist koronavirus hos to personar i kommunen. Begge er sannsynleg smitta ved same arrangementet utanfor kommunen. 

Nærkontakter er varsla som anbefalt. 

Ein ny person i kommunen testa positivt for koronavirus. Tidlegare i veka var hurtigtest positiv, og i dag fekk vi bekrefta positiv PCR prøve. Smittevegen er ukjend. Nærkontakter har testa seg etter gjeldande retningsliner.