Arrangement, samlingar og aktivitetar

Oppdaterte råd for arrangement og samankomstar.

Samankomstar i private heimar

I private heimar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn 20 gjester i tillegg til husstandsmedlemmar. Dette gjeld også om ein er ute. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men likevel ikkje fleire enn at ein kan halde avstand. Ved besøk i private heimar, reknar ein ikkje “beskytta” med i antallsbegrensninga. Desse personane kan også unntakast frå avstandsanbefalinga i private heimar (unnateke om dei møter ubeskytta i risikogruppa som dei ikkje bur med). Det må framleis vere muleg å halde avstand mellom dei som ikkje er beskytta.

Kven som blir rekna som beskytta og råd om avstand heime er omtalt i Råd og regler for deg som er vaksinert eller har gjennomgått covid-19.

For samankomstar i private heimar gjeld:

  • Sjuke personar bør ikkje delta, sjølv om dei berre har milde symptom
  • Det må vere nok plass til at gjester som ikkje er «beskytta» kan halde 1 meter avstand dersom dei ikkje er frå same husstand eller er tilsvarende nære
  • Gode mulegheiter til handvask eller bruk av handdesinfeksjonsmiddel ved behov

Barn i barnehage- eller barneskule-kohortar kan ha besøk frå eigen kohort, slik at heile kohorten kan inviterast heim i til dømes barnebursdag.

 

Arrangement

Med arrangement meinast i forskrifta følgjande samankomstar på offentleg stad eller i lokale og utandørs areal som leigast eller lånast ut, inkludert hotell, grendahus, forsamlingshus, konferansesaler og hallar:

  1. idrettsarrangement, inkludert stemne, cup, turnering og kamp, men ikkje organisert trening
  2. kulturarrangement, inkludert konsertar, utstillingsopningar, opera, ballett, teater og kino, men ikkje organiserte øvelingar, trening og prøver
  3. seminar, konferansar, kurs, medlemsmøter og andre faglege samankomstar, inkludert måltid utan servering av alkohol, men ikke møter eller samankomstar som ledd i ordinært arbeid eller undervisning på skole eller universitet
  4. livssynssamlingar og seremoniar, inkludert seremoniar ved bryllaup, gravferder, dåp og konfirmasjon
  5. private samankomstar; samankomstar for familie, venner og kjende, eller sosiale samlingar i tilknytning til arbeid eller skule, inkludert tilstelningar etter seremoniar, festar og måltid med servering av alkohol i forbindelse med seminar, konferansar, kurs og andre faglege samankomstar.

 

Private arrangement 

til dømes bursdagsfest, dåp, konfirmasjon, bryllaup, skuleball eller firmafest:

  • For private samankomstar utanfor eigen heim kan det vere inntil 100 deltakarar innandørs og utandørs. Det er anbefalt å arrangere utandørs der det er muleg.
  • Ein person eller ei verksemd skal vere arrangør med ansvar for at arrangementet oppfyller krava i covid-19 forskrifta. Dei som er til stades skal informerast om kven som er arrangør og kven som kan kontaktast ved spørsmål om smittevern.

    Arrangøren er ansvarleg for:
  • å ha oversikt over kven som er tilstades for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smittesporing. Lister med kontaktinformasjon til deltakarane skal slettast etter 14 dagar. Arrangøren skal informere dei som er til stades om at det blir laga ein oversikt.
  • å sikre smittevernfagleg forsvarleg gjennomføring, sjå meir under arrangement og generelle tiltak for å redusere smitterisiko her
     

Meir informasjon finn du på fhi

Nasjonale tiltak frå Regjeringa