Korona: Status fredag 21. mai kl 23.45

Ny koronasmitte i Stryn. Vi har i kveld fått bekrefta fire nye personar med koronavirus i kommunen. Alle er i same husstand og er nærkontakter til påvist smitta person torsdag. Ingen av dei fire har symptom på sjukdom. Ein av dei smitta i denne husstanden går på 3. trinn ved Tonning skule og har vore på skulen onsdag og torsdag. Denne eleven har ikkje symptom på sjukdom, og vedkomande testa negativt på hurtigtest torsdag kveld. Men PCR-testen, som også blei teken torsdag kveld, viser no at eleven er smitta med koronaviruset. Vi må derfor forvente at eleven kan ha vore smittsam onsdag og torsdag.

Familiemedlemet som først fekk påvist smitte, vart testa for andre gong på tysdag. På grunn av forseinkingar hos transportøren fram til laboratoriet, kom dessverre prøvesvaret først torsdag kveld. Denne personen har ikkje hatt symptom før prøvesvaret var motteke, så det er viktig å presisere at familien har gjort alt rett i denne situasjonen.

Alle dei smitta i dette utbrotet har blitt smitta i kommunen, og smitten kan sporast tilbake til éin arbeidsplass. Vi har hatt eit svært godt samarbeid med denne arbeidsplassen, både tidlegare i pandemien og no under dette utbrotet. Gode smitteverntiltak hos enkeltpersonar og i bedrifta, har vore sentralt for at vi ikkje har fått langt fleire smitta på noverande tidspunkt. Dette er viktig for andre aktørar/bedrifter å vere klar over, så fortset med det gode arbeidet svært mange har gjort i lang tid.

 

Tonning skule

Alle elevar og tilsette på 3. trinn ved Tonning skule som har vore på skulen onsdag og torsdag denne veka er definerte som nærkontaktar og skal halde fram i karantene til og med søndag 30. mai. 

Laurdag morgon testar vi dei som har vore saman med den aktuelle eleven onsdag og/eller torsdag denne veka. Det er vanskeleg å seie kor stor smitterisikoen for desse er. Dei blir derfor testa tidleg etter mogleg eksponering for smitte. Om ein elev eller tilsett ikkje får påvist smitte på første test, er det framleis sannsynleg at ein kan bli smittsam før den andre testen. Det er derfor svært viktig at ein held fram i karantene ut oppgjeva tid. 

Om nokon får symptom på sjukdom i karantenetida skal vedkomande isolerast og testast på nytt ved første høve, og hustandsmedlem skal på nytt i ventekarantene. Kontakt då beredskapskontoret (sjå kontaktinformasjon under). 

Husstandsmedlem til elevar og tilsette på 3. trinn på Tonning skule er no i ventekarantene. Dei skal ikkje gå ut av ventekarantene før kommunen kjem med direkte tilbakemelding om det. Når vi får svar på testar tekne laurdag vil vi saman med FHI vurdere risikoen på nytt. Truleg vil vi kunne gje eit svar på dette laurdag kveld. Det er beklageleg at tiltaka rammar mange i kommunen, men det er viktig å presisere at saka blir handtert etter fortløpande råd frå utbrotsgruppa i FHI.

Beredskapstelefonen kan kontaktast på telefon 57 87 49 29
måndag - fredag kl. 09.00 - 12.00.

Laurdag 22. mai kl. 09.30 – 11.30 og søndag 23. mai kl. 16.00-18.00.


Utanom dette kan Nordfjord legevakt kontaktast på telefon 116 117. Dei vil då ta kontakt med smittesporingsteamet i Stryn. 


Anbefalingar

Alle innbyggjarar vert oppmoda om å ha få nære kontaktar utover eigen husstand og kohortar knytt til arbeid, skule/barnehage og faste grupper i fritidsaktivitetar.

Det er no fornuftig å nytte munnbind på stadar og tider der mange samlast, der det ikkje er mogleg å halde 2 m avstand til andre (til dømes på butikkar i tidsrom der mange handlar).

Det er framleis svært viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom.


Symptom på covid-19 (koronasmitte) kan vere:
•    Sår hals
•    Hoste
•    Tett eller rennande nase
•    Hovudverk
•    Feber
•    Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
•    Kroppsverk
•    Tung pust
•    Tap av smak- eller luktesans