Korona: Status laurdag 22. mai kl. 21.00

Elevar og tilsette på 3. trinn ved Tonning skule, som har vore på skulen onsdag og torsdag denne veka, er definerte som nærkontakter etter at det fredag kveld blei kjent at ein elev har fått påvist koronavirus. Test blei teken torsdag kveld, og svar kom fredag kveld. 
 

Første koronatest

Laurdag morgon testa vi dei som hadde vore saman med den aktuelle eleven onsdag og/eller torsdag denne veka. No har vi fått svar på desse testane, og ingen elevar eller tilsette har påvist koronavirus på første test. Det er vi veldig glade for!  

Vidare karantenetid, andre koronatest og eventuelle symptom på sjukdom

Den første koronatesten blei teken tidleg etter mogleg eksponering for viruset. Dette for å få raskt oversikt over smittesituasjonen. Sjølv om denne testen viser at det ikkje foreløpig er påvist koronavirus hos nokon av nærkontaktane, er det framleis sannsynleg at ein kan bli smittsam før den andre testen blir teken. Det er derfor svært viktig at aktuelle elevar og tilsette held fram i smittekarantene i ti døgn frå siste kontakt med potensiell smitte, altså t.o.m 30. mai. Vi vil legge opp til at alle skal ta ein andre test mot slutten av karanteneperioden, truleg fredag 28. mai. Informasjon om tidspunkt kjem seinare. Når det føreligg negativt svar på den andre testen, teken tidlegast sju døgn etter mogleg smitteeksponering, kan karantenetida avsluttast før det har gått ti døgn. 

Meir informasjon om smittekarantene her

Hustandsmedlemmane til dei aktuelle elevane og tilsette kan no, etter stadfesta negativt svar på den første testen, gå ut av ventekarantene. I samråd med FHI blir det vurdert som eit for inngripande tiltak å halde husstandsmedlem lengre i ventekarantene, no når første test til nærkontaktar er negative. Dette kan derimot endre seg i takt med utviklinga dei neste dagane. 

Dersom nokon av nærkontaktane får symptom på sjukdom i karantenetida skal vedkomande isolerast og testast på nytt ved første høve, og hustandsmedlemmane skal på nytt i ventekarantene. Dette gjeld òg ved lette symptom på sjukdom. 

Risikonivået i kommunen har auka

Uavhengig av situasjonen for 3. trinn ved Tonning skule har risikonivået generelt i kommunen auka frå nivå 1 til nivå 2 denne veka. Vi oppfordrar derfor alle til å ha svært lav terskel for å teste seg raskt ved symptom. 

Folkehelseinstituttet om risikovurdering


Kontakt beredskapskontoret ved behov

Ved spørsmål eller ved symptom på sjukdom kan Beredskapskontoret kontaktast på telefon 57 87 49 29. Telefontid: måndag - fredag kl. 09.00 - 12.00, søndag 23. mai kl. 16.00-18.00.
Utanom dette kan Nordfjord legevakt kontaktast på telefon 116 117. Dei vil då ta kontakt med smittesporingsteamet i Stryn.