Korona: Status måndag 24. mai kl. 23.00

Risikonivået i kommunen er heva. Stryn kommune har mange turistar og besøkande desse maidagane. Det er hyggeleg, men det medfører også auka smittepress i kommunen. Gjennom helga har vi testa mange personar, og vi har ikkje påvist meir smitte. Risikonivået i kommunen er likevel heva frå nivå 1 til nivå 2, og vi oppmodar alle om å ha få nærkontakter og svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.
 

Les meir om risikonivå på fhi

Elevar og tilsette på 3. trinn ved Tonning skule, samt deira husstandsmedlemmar

Aktuelle elevar og tilsette (nærkontakter) på 3. trinn ved Tonning skule skal halde fram i smittekarantene t.o.m. 30. mai eller til det ligg føre negativt svar på den andre koronatesten. Det blir sett opp tid for test av nærkontaktene fredag 28. mai kl 18.00 på testsenteret på Visnes.

Husstandsmedlemmar til dei aktuelle elevane og tilsette er ikkje lenger i ventekarantene no når det er stadfesta negativt svar på den første koronatesten. Avgjerda er teke i samråd med FHI, som meiner at pålegg om lenger karantenetid vil vere eit for inngripande tiltak. Dette betyr at husstandsmedlemmane kan gå på skule og arbeid som normalt, men det er ønskeleg med minst mogleg aktivitet elles.
 
Dersom nokon av nærkontaktane får symptom på sjukdom i karantenetida, skal vedkomande isolerast og testast på nytt ved første høve. Husstandsmedlemmane skal då på nytt i ventekarantene. Dette gjeld òg ved lette symptom på sjukdom. Tiltaket er viktig for å stanse eventuell ny smitte tidleg.
 
Les meir om karantene og isolasjon her
 

Kontakt beredskapskontoret ved behov

Ved spørsmål eller symptom på sjukdom, kan beredskapskontoret kontaktast på telefon 57 87 49 29.
 
Telefontid: Måndag-fredag kl. 09.00-12.00. Utanom dette kan Nordfjord legevakt kontaktast på telefon 116 117. Dei vil då ta kontakt med smittesporingsteamet i Stryn.
 
 
Med helsing 
Marius Solbakken 
Kommuneoverlege