Koronatelefonen har ekstra ope laurdag 22. og søndag 23. mai

Beredskapstelefonen for koronatesting har ekstra ope no i helga, ring 57 87 49 29 laurdag 22. mai mellom kl. 09.30 – 11.30 og søndag 23. mai kl. 16.00-18.00.

Utanom denne tida kan Nordfjord legevakt kontaktast på telefon 116 117. Dei vil då ta kontakt med smittesporingsteamet i Stryn.

Vanleg opningstid for beredskapstelefonen tlf. 57 87 49 29 er måndag - fredag kl. 09.00 - 12.00.

Det er viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Symptom på covid-19 (koronasmitte) kan vere:
•    Sår hals
•    Hoste
•    Tett eller rennande nase
•    Hovudverk
•    Feber
•    Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
•    Kroppsverk
•    Tung pust
•    Tap av smak- eller luktesans