4. dose for deg med alvorleg svekka immunforsvar

Har du 3 dosar koronavaksine og er i gruppe 1 eller 2? Vi anbefaler oppfriskingsdose etter tre månader.

 

Er du i gruppe 1 eller 2? Då kan du ta 4. dose 12 veker etter dose 3.
Ta med same dokumentasjon som til dose 3.
Oppmøte til drop-in vaksinasjon i kulturhuset.

 

Det er to grupper med pasientar med alvorleg svekka immunforsvar som no blir anbefalt å ta ein oppfriskningsdose (dose 4):    

Gruppe 1

• Organtransplanterte
• Beinmargstransplanterte dei siste 2 åra
• Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt
• Alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse
• Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon    

Gruppe 2  

• Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av anna årsak. Dette er pasientar som brukar immundempande medisin som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa
• Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling som av ansvarleg legespesialist er vurdert til å ha svært nedsett immunforsvar  
• Pasientar som av ansvarleg legespesialist anses å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene over 
 

Info frå FHI om Oppfriskningsdose til personar med alvorleg svekka immunforsvar

Info frå legeforeningen om medikament