Vaksinering i Stryn kommune

Alle som bur eller oppheld seg i kommunen får tilbod om koronavaksine. Koronavaksinen er gratis. Du treng ikkje ta kontakt med fastlegen din for å få vaksine.

Vi tilbyr dose 1 til 3 for alle innbyggjarar over 12 år på drop-in. Vi ber deg ta kontakt med legekontoret for vaksinering av barn under 12 år.

Alle i alderen 18 til 64 år får no tilbod om oppfriskningsdose koronavaksine.
Sjå informasjon på regeringen.no

DROP-IN Stryn kulturhus:

Onsdag 7. desember kl 11.00 - 17.30

Måndag 12. desember kl 11.00 - 17.30 


Det er muleg å få både influensa- og koronavaksine desse dagane.

Influensavaksine:
• Eigenandelen er kr. 150,-
• Influensavaksine er anbefalt for alle over 65 år og alle i risikogrupper
• Barn under 12 år: Ta kontakt med legekontoret 57 87 69 80 for å avtale tid

Informasjon og anbefaling om koronavaksine til barn og ungdom i alderen 5-15 år (PDF, 147 kB)

Les meir om råd og rettleiing for koronavaksine på helsenorge.no 

 

 

 

 


 

Stryn kommune har hatt god tilgang på vaksine mot korona siste tida. Innbyggjarar som har fått time til dose 2 får no SMS med tilbod om å flytte timen fram. Dette skjer automatisk, og det er ikkje nødvendig å ta kontakt for å flytte time.

Med bakgrunn i tilrådingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Legeforeningen er legane i Stryn kommune einige om at vi ikkje vil tilby Janssen-vaksinen på legekontoret.