Om koronavaksine og influensavaksine

Oppfriskingsdose koronavaksine blir prioritert før influensavaksine.
Merk at begge vaksinene er anbefalt for risikogruppene, og ein kan ta dei med 7 dagers mellomrom.

 

  

Oppfriskningsdose for eldre 65+
FHI anbefaler no ei oppfriskningsdose med koronavaksine til dei som er 65 år og eldre (fødde i 1956 eller tidlegare), for å gje dei så god beskyttelse som mogleg, og dermed redusere risikoen for alvorleg forløp dersom dei blir smitta av koronavirus. Dosa kan settast tidlegast 6 månader etter dose 2. I Stryn kommune har vi ope for drop-in vaksinering i Kulturhuset og på IMI i Innvik. Sjå opningstider over. 

Influensavaksine
FHI har tidlegare sagt at influensavaksinering av dei eldre og andre risikogrupper bør prioriterast før oppfriskningsdoser med koronavaksine til dei eldre. Fordi det per no er lav spredning av influensavirus, men aukande koronasmitte er anbefalinga endra og det blir no anbefalt å prioritere oppfriskningsdose med korona før influensavaksine. Merk at begge vaksinene er anbefalt for risikogruppene, og ein kan ta dei med 7 dagars mellomrom. Stryn kommune tilbyr influensavaksinering på Kulturhuset og IMI på same dager som koronavaksine, men kun den siste timen av opningstida.

Oppfriskningsdose for helsepersonell
Helsepersonell som over tid har kontakt med pasientar med høg risiko for å bli alvorleg sjuke, skal få tilbod om oppfriskningsdose med koronavaksine. Det vil i første omgang vere personell i sjukeheim og heimetenesta, og andre med tilsvarande pasientkontakt som jobbar i ulike deler av primær- og spesialisthelsetenesta. Eit anslag seier at dette gjeld omlag halvparten av helsepersonellet.

FHI er i dialog med helsetenesta. Dei vil i løpet av denne veka kome med meir detaljert informasjon om korleis denne vaksineringa skal foregå.