Om vaksinering mot korona

Informasjon om koronavaksinen.

Informasjon frå fhi på fleire språk

Du skal ikkje møte opp til vaksinasjon dersom du på vaksinasjonsdagen:

  • har symptom på forkjølelse, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom 
  • er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • har blitt vaksinert med anna vaksine i løpet av siste 7 dagar 
  • det har gått mindre enn 3 veker sidan du var ferdig med isoleringsperioden etter koronasjukdom (SARS-CoV-2)
  • er gravid utan å tilhøyre risikogruppe for alvorleg koronasjukdom 

Før vaksinen vert sett
Før vaksinasjon vil du bli spurt om du er frisk, og om du har hatt reaksjonar på andre vaksiner du har fått tidlegare. Hugs å informere om det dersom du er gravid, har allergi, brukar medisiner eller har andre helseproblem. Det er vanleg å utsetje vaksinasjon ved akutt sjukdom og ved feber over 38 grader. 

Slik føregår vaksinasjonen 

  • Vaksinen vert gitt med sprøyte i overarmen. Ein ny dose skal setjast etter seks veker. 
  • Det er viktig at du prøver å ta andre dose til oppsett tid for å få best muleg beskyttelse. Om noko uforutsett skulle kome i vegen, må du seie frå med ein gang til vaksinasjonsstaden på telefonnummeret du har fått på SMS eller ringe vaksinetelefonen 992 83 595  

Etter vaksinen er sett vil du bli bedt om å vente på vaksinasjonsstaden i minimum 20 minutt, slik at du kan bli følgd  opp dersom du skulle få ein reaksjon. Alle som vaksinerer har opplæring og nødvendige medisinar tilgjengelege for å takle en eventuell allergisk reaksjon.

Biverknader:

  • Nesten samtlige opplever lokalreaksjon med smerter og at det er raudt på stikkstaden
  • Over halvparten må rekne med å få hovudverk
  • Det er veldig vanleg å få sjukdomskjensle med feber og vondt i kroppen

Dersom du opplever uventa, kraftige eller langvarige symptom som du trur skuldast vaksinen, bør du kontakte lege eller anna helsepersonell for vurdering og råd. Helsepersonell har plikt til å melde frå om alvorlege eller ukjende reaksjonar som dei mistenkjer skuldast vaksine.

Du kan også sjølv sende inn melding via melde.no.

Meir informasjon om vaksinen:

Vaksine mot koronavirus - Comirnaty Pfizer