Pfizer og Moderna koronavaksine

Frå veke 34 mottek Stryn kommune første leveranse av Moderna-vaksinen. Framover vil det derfor bli gitt både Pfizer og Moderna vaksine. Vaksinene er likestilte og kan kombinerast. På vaksinasjonsstaden i Stryn kulturhus får du informasjon om kva vaksine som blir sett. Les meir om kombinasjon av vaksinene her.

Intervall mellom dose 1 og 2: Minimum 3 veker med Pfizer og 4 veker for Moderna, ved kombinasjon er det 4 veker intervall. Intervall innanfor FHI sine anbefalingar blir kontinuerlig vurdert ut frå kor  mange doser kommunen mottek. Alle vil få framskunda vaksineringstida si for 2. dose.

  • FHI anbefaler no vaksinering av gravide i 2. og 3. trimester. Sjå vaksineanbefaling for gravide her.
  • Vi ber gravide ta kontakt for time til vaksinering på vaksine@stryn.kommune.no
  • 16 og 17 åringar vil no bli innkalt til vaksinering etter anbefaling frå FHI. Les meir om anbefalinga her.
  • Det er viktig at alle møter til oppsett tidspunkt. Dersom du ikkje kan møte til oppsett tid ring tlf nr som står i sms (måndag-fredag).

Sjå denne sida for meir info