SISTE DROP-IN VAKSINERING

Onsdag 16/2 blir siste opningsdag for DROP-IN koronavaksinering i kulturhuset. Dei aller fleste innbyggarane i Stryn har no teke vaksine og det er liten pågang på DROP-IN. Vi stengjer derfor vaksineringa i kulturhuset, siste dato for å ta vaksine der blir onsdag 16/2 kl 12.00-18.00.

Dersom du ønskjer å ta vaksine (gjeld både dose 1, 2, 3 og 4), og ikkje kan den 16/2, opnar vi no for timebestilling på legekontoret. Første vaksinedag blir onsdag 23/2.  


Vi tilbyr vaksinering på legekontoret onsdagar kl. 09.00-14.30. Du må bestille time.


Time for koronavaksine kan du bestille på helsenorge.no velg «bestill time» og deretter «bestill time for koronavaksine».
Sjå korleis du bestiller time på helsenorge her (PDF, 542 kB)

Dersom du ikkje har fastlege i Stryn eller ikkje brukar helsenorge.no kan du bestille time ved å ringe legekontoret på 57 87 69 80.

Vaksinering mot korona er gratis, og tilbodet gjeld personar frå fylte 12 år.
For avtale om vaksine til barn mellom 5 og 12 år må en ta kontakt med Helsestasjonen.

Les meir om råd og rettleiing for koronavaksine på helsenorge.no