Siste frist for koronavaksine!

Fredag 1. okt, onsdag 6. okt. og onsdag 13. oktober blir siste ordinære vaksinasjonsdagar for første dose av koronavaksine. Dette er dermed siste mulegheit for vaksinering i denne omgang. 

Vi har til no vaksinert 88 % av alle stryningar over 12 år (ikkje alle har fått dose 2 endå). Av dei over 55 år er vaksinedekninga over 96%!

Vi er godt nøgde med vaksinedekninga og massevaksinasjonen vert avslutta no. Har du endå ikke fått vaksine MÅ du bestille time no. Ta kontakt på epost: vaksine@stryn.kommune.no 

Klikk for stort bilete