Stryn kommune tilbyr ikkje Janssen-vaksinen

Med bakgrunn i tilrådingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Legeforeningen er legane i Stryn kommune einige om at vi ikkje vil tilby Janssen-vaksinen på legekontoret.

Med det noverande smittenivået lokalt og nasjonalt og med den forventa framgangen i massevaksinasjon med mRNA-vaksiner, finn vi ikkje grunnlag for å vurdere vaksinasjon utanfor det nasjonale vaksinasjonsprogrammet.