Vaksinasjon av barn og unge 5-15 år

No vaksinerer vi barn i alderen 5-11 år etter avtale, og tilbyr andre dose til 12-15-åringar på DROP IN.

5-11 år

Stryn kommune ber føresette som ønskjer at barn 5-11 år får vaksine ta kontakt via epost:
vaksine@stryn.kommune.no med forespørsel om time.

12-15 år

Barn og unge som er 12 år eller eldre får same vaksinen som vaksne og kan møte på våre vanlege vaksinasjonsdagar.

5-15 år

Alle barn og unge som ikkje har fylt 16 år, må ha samtykke frå begge føresette (alle med foreldreansvar).
Her finn du samtykkeskjema (PDF, 101 kB)
Utfylt samtykkeskjema og eigenerklæringsskjema må takast med til vaksinasjonslokalet.
 

Unge fødde i 2003, 2004 og 2005 bør grunnvaksinerast med 2 dosar koronavaksine. Det skal gå 8-12 veker mellom dosane. Dei som er fylt 18 år kan få ein oppfriskingsdose 20 veker etter siste dose i grunnvaksineringa om dei ønskjer det.

Barn og unge i alderen 5-15 år med alvorleg grunnsjukdom bør grunnvaksinerast med 2 dosar koronavaksine. Det skal gå 8-12 veker mellom dosane.

Andre barn og unge føde i 2006 til 2016 og dei i årskull 2017 som har fylt 5 år, kan no få tilbod om både 1 og 2 dosar koronavaksine om dei og føresette ønskjer det. Barn i alderen 5-11 år, vil få ei tilpassa barnevaksine frå Pfizer/BioNTech. Dersom ein vel å sette dose 2, bør denne settast meir enn 12 veker etter dose 1 for å minske risikoen for biverknader.

Koronavaksinen er ikkje godkjent for barn under 5 år.

For barn og unge i alderen 12 til 15 år vil dose 1 redusere den allereie lave risikoen for eit alvorleg forløp av covid-19. Dose 2 kan også ha positiv nytte, men tilleggseffekten er avgrensa sidan risiko for alvorleg sjukdom allereie er svært lav etter første vaksinedose.

For barn i alderen 5 til 11 år er vaksine særleg aktuelt for barn med kroniske sjukdommar, familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse, barn som har økt risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein svært utsett situasjon. For dei som vel vaksine, vurderer FHI at éin dose er det som gir best nytte-ulempebalanse for denne aldersgruppa.

For meir informasjon om anbefalt vaksinasjon for dei ulike aldersgruppene sjå informasjon frå FHI.

Har du fleire spørsmål ?
For meir informasjon kontakt vaksine@stryn.kommune.no 
Ikkje skriv sensitiv informasjon i epost