Vaksine-intervallet blir forkorta

Stryn kommune har hatt god tilgang på vaksine mot korona siste tida. Innbyggjarar som har fått time til dose 2 får no SMS med tilbod om å flytte timen fram. Dette skjer automatisk, og det er ikkje nødvendig å ta kontakt for å flytte time.

Koronavaksinasjonsprogrammet går no raskt framover. Vi har hatt god tilgang på vaksine dei siste vekene, og har framskunda svært mange timeavtaler til dose 2. Vi ligg per dags dato ca. 4 veker før skjema for dose 2, og vi forventar at det vil vedvare.

Vi framskundar nye timar kvar veke når vi får bekrefta antal doser for påfølgjande veke. Rekkefølgja er kronologisk, altså er det dei som har venta lengst som blir framskunda først. Dette skjer automatisk, og det er ikkje nødvendig å ta kontakt for å flytte time. Du får beskjed på sms når timen din blir endra. 
 

Kan du stille på kort varsel?

Vi opplever at det ofte er behov for personar som kan stille til vaksinering på kort varsel på grunn av sjukdom etc. Dersom du kan møte til vaksinasjon på 15 minutters varsel, og det er minst 3 veker sidan du fekk dose 1 kan du sende ein e-post til vaksine@stryn.kommune.no for å setje deg på venteliste.
Merk med namn, fødselsdato og telefonnummer. Ikkje send sensitiv informasjon på e-post.