Vaksinering barn 12-15 år

Regjeringa har vedteke at barn 12-15 skal få tilbod om vaksine. I Stryn kommune vil informasjonsarbeid, innhenting av samtykke og eigenerklæring, samt gjennomføring av vaksinering skje som eit samarbeid mellom helse og skule.

Informasjon om vaksine, samtykkeskjema og melding om eigenerklæring

  1. Vigilo vert brukt som kanal for:
  2. Samtykkeskjema må samlast inn, frist onsdag 15. september
  3. Skulen må sende skjema til helsestasjonen, frist fredag 16. september
  4. All informasjon vil i tillegg verte lagt her på kommunen si heimeside

For elevar og føresette som treng eigenerklæringsskjema på andre språk er det å finne her
 

Gjennomføring av vaksinering

Vaksinering vil skje i veke 38. Dato vil bli informert om seinare.

  • Vaksinering av elevar som går på Stryn ungdomsskule, Tonning, Oppstryn, Rand og Nordsida skjer på kulturhuset i Stryn
  • Vikane og Olden vert vaksinert på Olden skule
  • Loen vert vaksinert i enten Stryn eller Olden, dette vert avklart når vi ser kor mange som takkar ja på dei ulike vaksineringsstandane

Dei som treng skyss til vaksinering vil få nærare beskjed om korleis dette vert organisert. Det vil vere avhengig av kor mange elevar som takkar ja til vaksine.