NAV Stryn

NAV har stor pågang frå folk som er berørt av korona-epidemien. Det kan vere det tek lenger tid enn vanleg før du får svar frå NAV. Dersom det ikkje hastar, er det fint om du ventar med å kontakte NAV.

Du kjem enklast i kontakt med NAV via nettsida: www.nav.no.
Her finn du samlesida Koronavirus - kva gjeld i min situasjon . Denne sida viser spørsmål og svar om koronaviruset for deg som enkeltindivid, sjølvstendig næringsdrivande og arbeidsgjevar.

Bruk gjerne chat-tenesta og skriv til NAV.
Her får du svar på mange spørsmål om kva rettar du kan ha dersom du eller familien din blir berørt av koronasituasjonen.

For deg som er registrert hos NAV kan du ha kontakt med din rettleiar i aktivitetsplanen. 


NAV Stryn er ope berre for avtalte møter

Dersom du ikkje har avtale kan du kontakte NAV slik:
- Ring 55 55 33 33 eller bruk nav.no og send ei melding
- Logg på Ditt NAV og send ein dialog i din aktivitetsplan
- Ring 453 97 219 eller 453 97 357 for sosialhjelp, gjeldsrådgiving eller krisehjelp.
 

Permittering

Under finn du informasjonsfilmar som gjev aktuell informasjon både til deg som er arbeidsgjevar, og deg som blir permittert og skal registrere deg som arbeidssøkjar hos NAV.

Sjekk alltid www.nav.no for oppdatert informasjon!