Oppdatert status 13.05 kl 20.30

Torsdag kveld har vi fått bekrefta at ein elev i 10. trinn ved Olden ungdomsskule har testa positivt på covid-19. Denne eleven er familiemedlem til allereie påvist smitta. Eleven testa negativt på hurtigtest teken onsdag kveld, men PCR-svar torsdag bekrefta koronavirus. Også denne testen var teken onsdag kveld. PCR-test er ein klart sikrare test og var tydeleg positiv, så hurtigtest teken onsdag kveld var falsk negativ. Ein reknar symptomstart tysdag og nærkontaktar frå søndag vert sett i karantene og testa x 2.

Alle elevar og lærarar på 10. trinn som har vore på skulen måndag og tysdag er no definert som nærkontaktar og skal halde fram i karantene til og med fredag 21. mai.
Alle dei aktuelle skal testast torsdag kveld 13. mai. Vi vil legge opp til at alle også skal ta ein andre test mot slutten av karanteneperioden, truleg onsdag 19. mai. Informasjon om tidspunkt kjem seinare. Når det føreligg negativt svar på den andre prøven, teken tidlegast sju døgn etter mogleg smitte, kan karantenetida avsluttast før det har gått 10 døgn.

Alle husstandsmedlemmar til elevar/lærarar må vere i ventekarantene fram til negativt svar på den første prøven til eleven/læraren.
Svaret vil truleg vere klart i løpet av fredag 14. mai. Ved stadfesta negativt svar på denne prøven, kan husstandsmedlemmar gå ut av karantene. Elevane/lærarar må, som nærkontakter halde fram i karantene, sjølv om det vert negativt svar på første testen. Om nokon av dei får symptom i løpet av karanteneperioden, skal dei isolerast og testast på nytt ved første høve. Hustandsmedlemmar skal då i karantene og testast, då skal dei ringje beredskapstelefonen tlf 57 87 49 29.

God informasjon om karantene finn du her

Ved spørsmål, eller ved symptom på sjukdom, kan du ringe beredskapstelefonen 
tlf 57 87 49 29 måndag - fredag kl. 09.00 – 12.00.

Laurdag 15. mai er beredskapstelefonen open kl. 10.00 – 12.00.

Ved endring av opningstid vil dette bli informert på nettsida vår stryn.kommune.no 

 

Anbefalingar

Alle innbyggjarar vert oppmoda om å ha få nære kontaktar utover eigen husstand og kohortar knytt til arbeid, skule/barnehage og faste grupper i fritidsaktivitetar.

Det er no fornuftig å nytte munnbind på stadar og tider der mange samlast, der det ikkje er mogleg å halde 2 m avstand til andre (til dømes på butikkar i tidsrom der mange handlar).

Det er framleis svært viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Symptom på covid-19 kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans