Oppdatert status 14.05 kl 21.30

Gledeleg nyheit! Vi har no fått svar på første test til elevar og lærarar i 10. trinn på Olden ungdomskule som er i karantene. Alle desse prøvene tatt i går kveld var negative. 
Familiemedlemmer til desse elevane og lærarane kan no gå ut av ventekarantene. Prøvene vart tatt tidleg etter siste kontakt med smitta (tysdag), så det er framleis sannsynleg at desse nærkontaktane kan bli smittsame seinare i forløpet.

Karantene
Elevane/lærarar må, som nærkontakter halde fram i karantene, sjølv om det vert negativt svar på første testen. Karantenen varer fram til og med fredag 21. mai. Om nokon får symptom i løpet av karanteneperioden, skal dei isolerast og testast på nytt ved første høve. Kontakt då beredskapstelefonen tlf 57 87 49 29
(laurdag kl 10-12) eller legevakt 116117. Hustandsmedlemmar skal då i karantene og testast.

Vi legg opp til at alle også skal ta ein andre test mot slutten av karanteneperioden, truleg onsdag 19. mai. Informasjon om tidspunkt kjem seinare. Når det føreligg negativt svar på den andre prøven, teken tidlegast sju døgn etter mogleg smitte, kan karantenetida avsluttast før det har gått 10 døgn.

God informasjon om karantene finn du her:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

 

Anbefalingar:
Vi har mange personar som besøker Stryn i helga. Risiko for smitta aukar ved fleire besøkande i kommunen, og vi leitar framleis etter mogleg smitta lokalt som vi ikkje har fanga opp endå. Skal du møte andre, er det lurt å gjere det ute. Hugs på avstand og handvask.

Alle innbyggjarar vert oppmoda om å ha få nære kontaktar utover eigen husstand og kohortar knytt til arbeid, skule/barnehage og faste grupper i fritidsaktivitetar.

Bruk munnbind på stadar og tider der mange samlast, der det ikkje er mogleg å halde 2 m avstand til andre (til dømes på butikkar i tidsrom der mange handlar).

Det er svært viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Symptom på covid-19 kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

 

Marius Solbakken, kommuneoverlege.