Positiv hurtigtest?

Dersom du får positivt resultat på sjølvtest registrer deg her: https://hjemmetest.remin.no/stryn
For at vi skal halde oversikt over smittesituasjonen, er det viktig at flest muleg registrerer positivt testresultat.

  • Varsle arbeidsplass eller skule/barnehage.
  • Varsle leiar så fort som mogleg om du er helsepersonell
  • Varsle nærkontakter. Du har sjølv ansvar for å informere nærkontaktene dine dersom du har testa positivt
    helsenorge.no/konoravirus/karantene og isolasjon
  • Vi sender tidspunkt for å ta bekreftande PCR når du har registert deg. Om du er av dei som ikkje treng PCR skal du ikkje møte opp til denne timen (sjå punkt under)

Følgjande treng ikkje lenger ta PCR for å bekrefte positiv sjølvtest:

  • Du som har fått oppfriskingsdose (boosterdose)
  • Du som har fått to vaksinedoser og hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadane

Positivt resultat betyr at testen viser at du har covid-19.
"Det er nå stor belastning på test- og analysekapasiteten hos kommunene og på laboratoriene. For ikke å øke belastningen på kommunene og laboratoriene, er det viktig at du ikke tar PCR hvis du ikke har behov for det."
 

Dersom du er i ei av gruppene under ønskjer vi at du møter opp for å ta PCR-test:

  • Barn opp til 16 år (på grunn av vaksine)
  • Uvaksinerte
  • Personar i risikogrupper
  • Personar som ikkje har fått tre doser og treng koronasertifikat

 

Om sjølvtestar og sikkerheit​​

  • Positive resultat av sjølvtestar er svært sikre. Dersom testen viser at du er smitta, kan du rekne med at det er riktig
  • Det er ingen smittvernfagleg grunn til å ta ein ny test for å bekrefte positivt resultat av ein sjølvtest