Smittestatus 29. mai - ingen positive prøver laurdag.

Fredag kveld testa alle nærkontaktar på 3. trinn ved Tonning skule seg for 2. gong. Vi har i dag fått svar på alle prøver, med unntak av éi prøve. Desse var negative! 

Elevar og tilsette som har fått svar på test 2 kan no gå ut av karantene. Dette er svært gledeleg. Dersom elevar eller deira husstandsmedlemmar får symptom på sjukdom dei neste dagane, skal dei ta kontakt med beredskapstelefonen og testast på nytt ved første høve. Det er fordi nokon svært få kan bli smittsame etter ferdig karantene.

Ventar svar på totalt tre prøver tatt fredag, éin av desse ved Tonning skule.

Den siste prøva ved Tonning skule har vore til analyse i dag saman med dei andre, men denne og to andre prøver tatt fredag har det ikkje kome sikkert svar på. Det skjer av og til, og derfor vil desse bli analysert på nytt søndag. Forventa svar er søndag ettermiddag. I dialog med overlege på mikrobiologen i Førde laurdag, blir dette bekrefta. At dette har skjedd gjev verken noko meir eller mindre mistanke om at desse prøvane vil bli positive i morgon.

Risikonivå

På grunn av auka reiseverksemd i kommunen, og letta nasjonale tiltak, er framleis risikonivå i kommunen vurdert til nivå 2.

https://www.fhi.no/nettpub/overvaking-vurdering-og-handtering-av-covid-19-epidemien-i-kommunen/ti-trinn2/4.-risikovurdering/

 

Marius Solbakken, kommuneoverlege