Status 20. mai kl 22; To nye smitta

I kveld har vi fått stadfesta at totalt to nye personar i kommunen er smitta med koronavirus.

Begge desse er kjente nærkontaktar til allereie smitta personar, og har testa positivt på 2. test i smittekarantenen.

Ventekarantene på 3. trinn ved Tonning skule

Ein familie med eit born som går på Tonning skule er no i karantene fordi ein person i husstanden har testa positivt på covid-19. Basert på ei vurdering av totalsituasjonen, skal heile 3. trinn på Tonning skule vere i ventekarantene til vi får svar på dei første prøvene vi har teke av familien. Vi håpar og trur at prøvesvara vil ligge føre ein gong i morgon 21.mai

Husstandsmedlemmane til dei aktuelle elevane er derimot ikkje i ventekarantene, og dei kan derfor gå på skule og jobb som normalt.

Dersom elevar eller deira husstandsmedlemmar får symptom på sjukdom, skal dei ta kontakt med beredskapstelefonen og testast ved første høve.

Ved spørsmål eller symptom på sjukdom kan de ringe beredskapstelefonen på 57 87 49 29, måndag-fredag kl. 09.00 – 12.00, eller legevakt i helga på telefon 116117.

God informasjon om karantene finn de her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

Alle nærkontaktar ved Olden ungdomsskule er no testa ut av karantene

Vi har i dag fått svar på alle prøver tatt av 10. trinn ved Olden ungdomskule. Samtlege av disse var negative, og elevar og tilsette kan no gå ut av karantene. Dette er svært gledeleg!

Dersom elevar eller deira husstandsmedlemmar får symptom på sjukdom dei neste dagane, skal dei ta kontakt med beredskapstelefonen og testast på nytt ved første høve. Vi takkar skule, elever og føresette for eit svært godt samarbeid!

Med venleg helsing

Marius Solbakken, kommuneoverlege