Status 30. mai

Dei tre prøvene vi venta på frå fredag er i dag stadfesta negative. Det vil seie at alle elevar og tilsette på 3. trinn ved Tonning skule er ute av karantene.

Alle smitta av koronavirus i kommunen er måndag 31. mai ute av isolasjon. Dei kan då gå tilbake til jobb og skule om allmenntilstanden er god. Irritasjonshoste, hovudverk og kjensle av å vere sliten er normale symptom etter isolasjonstida, men desse personane er då ikkje lengre smittsame. Det er varierande kor lenge ein kan ha slike symptom i etterkant av sjukdommen.

Sommaren 2021

Som dei fleste har fått med seg dei siste helgene er det mange som nyttar seg av finveret og besøker fagre Stryn. Det er svært positivt for mange i kommunen, mellom anna fordi dette er ei viktig inntektskjelde for mange. I samband med gjenopning av samfunnet er det no fleire som har aukande tal nærkontaktar i løpet av ei veke. Dette aukar smitterisikoen i kommunen om vi ikkje er nøye med å oppretthalde dei gode vanene vi har opparbeidd oss det siste året. Nytt gjerne andre tider enn dei mest hektiske tidene til å handle. Er det vanskeleg å halde god avstand på butikken? Vern då dei tilsette, andre handlande, og deg sjølv ved å bruke munnbind og desinfeksjon/handvask.

Vi klarte oss svært godt gjennom ein hektisk sommar i 2020. Mykje av dette skuldar svært god innsats av reiselivsaktørar og innbyggjarar! Vi håper det vil gå like godt i år, men vi er bekymra for at virusmutasjonar vil gjere det lettare for smitten å spreie seg denne sommaren. Spesielt hos ungdom og unge vaksne som naturleg nok ønsker å treffe andre.

Denne sommaren kjem rett før vi har rekt å vaksinere alle vaksne over 18 år. Ein føler ein er så nær, men likevel er vi eit stykke frå målstreken enno. For å unngå smitteauke og sjukdom i ei sårbar tid for reiselivet og innbyggjarane våre, betyr innsatsen din og etterleving av smittevernanbefalingane mykje! Stryn treng innsatsen din for at sommaren skal bli best mogleg for alle. Takk for alt det gode arbeidet som blir gjort!

https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/

 

Marius Solbakken, kommuneoverlege