Status fredag 10.12.21

Vi har fått beskjed fredag kveld at ein ny person har testa positivt på korona, dette er bekrefta med PCR-test. Vi har og fått beskjed om negativ test, altså ikkje påvist korona, på PCR-testane som blei tekne av to personar med positiv hurtigtest/sjølvtest tidlegare denne veka.

Strategi

Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.

Regjeringa sine nye nasjonale smitteverntiltak