Status måndag 18.05, ingen nye smittetilfelle.

Vi har i løpet av helga ikkje fått påvist nye tilfelle av koronavirus i kommunen. Det er svært gledeleg!

Vi håper alle har hatt ein fin 17. mai, og takkar alle som har bidratt med gode smittevernstiltak i ei tid der vi alle er lei av å ikkje leve som normalt! For kvar veike som går blir fleire og fleire i kommunen vaksinert. Det gjer at vi snart kan leve som normalt igjen!

Nærkontaktar til person som fekk positiv prøve tysdag 11.05 har testa seg ut av karantene laurdag og søndag. Vi testar for andre gang nærkontaktar til dei to andre smitta denne veka.

10. trinn ved Olden skule blir testa onsdag, og vi forventar svar torsdag kveld. Det er ikkje nødvendig for husstandsmedlemmar til elevar/lærarar å vere i ventekarantene fram til svar på denne andre testen.

Testing ut av karantene
Ved stadfesta negativt svar på den andre testen kan karantenetida til elevane/lærarane avsluttast (forventa svar 20.05.21). Dersom testen viser positivt svar skal personen isolerast, familien gå i karantene og smittesporingsgruppa tek kontakt på telefon.

Om nokon av elevane/lærarane som no er i karantene får symptom på sjukdom i løpet av karanteneperioden eller kort tid etter avslutta karantene, ber vi dykk ta kontakt med beredskapstelefonen for ny test (sjå kontaktinformasjon nedanfor). Familien skal da være i karantene til nærmare er avklart med sporingsteam.

God informasjon om karantene finn de her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

Ved spørsmål eller ved symptom på sjukdom kan du ringe beredskapstelefonen (57874929) måndag - fredag kl. 09.00 – 12.00.

Risikonivå
Vi har tre smitta personar i kommunen de siste 14 dagar. Risikonivå er ut i frå dette framleis på nivå 1 i kommunen, men positive testsvar denne uka vil raskt kunne endre på dette. Ny risikovurdering blir tatt fredag 21.05.

FHI risikonivå

Test deg!
Vi ber framleis alle om å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom. Testing er moglegheita vi har får å kunne fange opp smitte så tidleg at konsekvensane for deg, familien og lokalsamfunnet blir minst mogleg ved smitte.

Dei siste vekene har vi hatt færre som møter opp til test med symptom på forkjøling enn det vi forventar på denne tida av året. Symptom på forkjøling er koronavirus til det motsette er bevist med PCR test! Dette sjølv om en omgåst de same personane i Stryn som normalt.  

Ved lite testing mistar vi den oversyna over smittesituasjonen i lokalsamfunnet som vi ønsker å ha. Konsekvensen kan være et større smitteutbrott, med dertil konsekvensar for lokalbefolkninga, før vi fangar opp smitta.

Ein del tolkar symptoma dei har som allergi. Alle som ikkje har ein kjend pollenallergi, med kjente symptom, bør ta test for å utelokke koronavirus. Ta heller ein test for mykje enn for lite.

Døme å følgje
Ein viktig grunn til at vi ikkje har meir smitte i kommunen per i dag er at personen, som fekk positiv prøve 11.05, testa seg raskt. Dette trass svært sparsame symptom og nyleg negativ test.

Symptom på covid-19 kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Marius Solbakken, kommuneoverlege.