Status måndag 20. desember kl. 10.00
I helga fekk vi beskjed om to nye personar som har testa positivt på covid-19. Begge har kjend smitteveg. Dei er sett i isolasjon og husstandsmedlemmer og nærkontakter er varsla.
Her finn du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i karantene
Informasjon om koronatesting i Stryn
Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.
Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.
Sist endra 02.01.2023 10.49