Status onsdag 15. desember kl 20.30

Ein elev i 10. trinn på Olden skule har onsdag testa positivt på hurtigtest. Eleven har gjort som anbefalt å teste seg ved symptom. Smitteveg er kjend.

Elevar og tilsette ved 10. trinn får utlevert hurtigtestar av skulen i morgon torsdag 16.12. Dei vert anbefalt å ta hurtigtest fredag 17.12, og tysdag 21.12.

  • Trinnet er ikkje i smittekarantene etter nasjonale retningsliner
  • Dei blir anbefalt å unngå fritidsaktivitetar og sosiale samankomstar i testperioden
  • Ved nyoppstått symptom på sjukdom skal ein halde seg heime til ein er i god form og har fått negativt svar på koronatest
  • Ved positiv test ber vi elevar og tilsette kontakte rektor. Rektor kontaktar vidare kommuneoverlege

Spørsmål og svar om koronasituasjonen


Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og avgrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, uten at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig å følgje den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.