Status smitte 17. februar kl. 08.00

Vi er framleis i ei smittebølge, men det kan tyde på at kommunen no er over den største toppen. Denne tendensen ser ein òg igjen i trykket på sjukmeldingar. Talet på sjukemeldingar er framleis høgt, men noko mindre enn førre veke. Det er få Covid-19-innleggingar i regionen og Helse Førde er i grøn beredskap.

 

 

Etter dei nye retningslinene som vart gjeldande laurdag 12. februar, er det ikkje lenger anbefalt at born og ungdom i skulealder (ut vidaregåande skule) vert testa for korona når dei har symptom på luftvegsinfeksjon. Det er anbefalt at dei held seg heime dersom dei er sjuke, slik som ved andre infeksjonar, og dei kan gå på skule eller i barnehage når dei har blitt betre og har vore feberfri i 24 timar. Smittetala framover vil difor ha mindre å seie for vurdering av den generelle smittesituasjonen i kommunen.

Vaksne er no kun anbefalt å teste seg for korona når dei har symptom på luftvegsinfeksjon. Det er ikkje lenger lagt opp til at dei som vert smitta av korona, treng å varsle nærkontakter utanfor eigen  husstand.

Dei nye anbefalingane er eit uttrykk for at helsestyresmaktene vurderer at omikronviruset ikkje lenger utgjer ein større helsetrussel, for dei fleste av oss, enn andre luftsvegsinfeksjonar som vi ikkje testar for, eller varslar spesielt om. På bakgrunn av dette er det ikkje lenger grunnlag for at heimane vert varsla om enkelttilfelle av koronasmitte som skulen eller barnehagen måtte verte kjende med.

Det er viktig at  alle som har testa positivt på hurtigtest registerer seg i kommunen si registreringsløysing REMIN slik at vi får rett statistikk.

Utlevering av hurtigtest

Beredskapstelefon koronavirus 57 87 29 49 måndag til fredag 09.00 - 11.30, vi ber om tolmod og du kanskje må vente ei stund før vi svarar deg.  Det er stor pågang på koronatelefonen no.

Korleis ta ein sjølvtest

Positiv sjølvtest