Status smitte måndag 28. mars kl. 09.00

Korona smittetal for veke 12: 94 personar med registrert positiv hurtigtest.

Etter retningslinene som vart gjeldande laurdag 12. februar 2022, er det ikkje lenger anbefalt at born og ungdom i skulealder (ut vidaregåande skule) vert testa for korona når dei har symptom på luftvegsinfeksjon. 
Det er anbefalt at dei held seg heime dersom dei er sjuke, slik som ved andre infeksjonar, og dei kan gå på skule eller i barnehage når dei har blitt betre og har vore feberfri i 24 timar. 

Vaksne er no kun anbefalt å teste seg for korona når dei har symptom på luftvegsinfeksjon. Det er ikkje lenger lagt opp til at dei som vert smitta av korona, treng å varsle nærkontakter utanfor eigen husstand.

Sjekkliste for deg som har testa positivt for korona


Anbefalingane er eit uttrykk for at helsestyresmaktene vurderer at omikronviruset ikkje lenger utgjer ein større helsetrussel, for dei fleste av oss, enn andre luftsvegsinfeksjonar som vi ikkje testar for, eller varslar spesielt om.
Smittetala framover vil difor åleine ha mindre å seie for vurdering av den generelle smittesituasjonen i kommunen.