Status søndag 12. desember kl 19.00
Søndag ettermiddag fekk vi beskjed om at ein ny brukar i tenesta Miljø og Velferd har testa positivt på covid-19 hurtigtest. Personen er fullvaksinert og har lette symptom på sjukdom. Etter ei heilskapleg vurdering har vi beslutta å halde Arbeidssenteret stengt til vi har ein betre oversikt over smittesituasjonen i tenesta.
Les om råd til nærkontakter her
Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.
Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.
Sist endra 01.08.2023 14.52