Status torsdag 13.01 kl. 11.00
Stryn kommune har siste døgnet 12 nye smitta med koronavirus. Omikron-variant er det dominerande koronaviruset i Norge no. Ut ifrå kor fort smitten har spreidd seg hos fleire av dei smitta, mistenkjer vi omikron-variant også her.
Fira av dei smitta er elevar ved Olden skule. Dei aktuelle klassane er informert av rektor, og det blir delt ut testar på skulen. Barn er ikkje i smittekarantene så lenge dei ikkje er i same husstand som smitta. Det blir teke test i dag, og før skule måndag. Ved nyoppstått symptom skal ein halde seg heime og ta ny test.
Ein tilsett ved Vikane Omsorgssenter har også testa positivt. Nærkontakter blir sett i karantene, og aktuelle brukarar blir testa etter individuell vurdering.
Informasjon om du testar positiv på heimetest (PDF, 193 kB)
Ny nasjonal strategi
Ny strategi for handtering av pandemien nasjonalt forventast på pressekonferanse med regjeringa i kveld. Stryn kommune vil i etterkant oppdatere nettsida med info.
Oppdatert risikovurdering om omikron-varianten
Folkehelseinstituttet (FHI) har i går oppdatert risikovurdering og modelleringsrapport om omikron-varianten.
Vaksinasjon gir de vaksinerte en robusthet i møtet med viruset slik at de i liten grad blir alvorlig syke, men vaksinasjon beskytter mindre godt og kortvarig mot infeksjon og videre smitte. Gjennomgått infeksjon hos vaksinerte gir bedre robusthet i framtidige møter med viruset.
For barn er smitte med omikronvarianten en svært lite alvorlig sykdom.
Sist endra 07.08.2023 10.41