Status torsdag 23. desember kl. 09.00

Onsdag fekk vi beskjed om at ein person har testa positivt på covid-19 etter utanlandsopphald. Personen er sett i isolasjon og husstandsmedlemmer og nærkontakter er varsla.

Vi har og fått beskjed om at den eine tilsette i Miljø og Velferd, som først testa positivt på covid-19 sjølvtest, no har fått negativt svar på PCR-test. Husstandsmedlemmane og nærkontaktene har fått beskjed om dette og er fri frå karantene.

Her finn du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i karantene.

Informasjon om koronatesting i Stryn


Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.