Status torsdag 30.12.2021

Onsdag kveld fekk vi beskjed om at ein ny person har testa positivt på covid-19. Det er kjend smitteveg. Personen er sett i isolasjon og husstandsmedlemmer og nærkontakter er varsla.

Her finn du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i karantene.

Informasjon om koronatesting i Stryn

 

Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.